Beskrivelse
BLØME har NPK-verdieane 3-2-2, men det er i hovudsak ikkje dette som gjer gjødsla så spesiell. Denne gjødsla inneheld også mange biokjemiske stoff som er svært gunstige for veksten til planten. Eitt eksempel på dette er skalet til larvane, som det er mange små fragment av i BLØME. Skalet er laga av polymeren kitin. Når ein plante registrerer at det er kitin i nærleiken, vil den starte ein immunologisk respons. Planten vil då forsterke alle delar av seg sjølv, og vekse seg større. Dette gir større, tjukkare og grønare blader og større grønsaker og frukter.
BLØME er også godkjent til å nyttast i økologisk produksjon.